Foto: Jesus Alexander Reyes Sánchez/flickrCC.Foto: Jesus Alexander Reyes Sánchez/flickrCC

Studere i Argentina?

Sist oppdatert: 17/08/2016 // Argentina har dei siste åra tiltrukke seg ei stadig aukande mengde studentar frå Noreg.


Argentina som studiestad

Argentina er eit populært studieland med eit breitt utdanningstilbod. Kvart år studerar ca. 25 000 internasjonale studenter ved landet sine mange universitet og høgskular, og ei aukande grad av desse studentane er norske. Dei mest populære faga for norske studentar er samfunnsfag, humaniora, filmstudier og filmproduksjon.

I Argentina går studieåret frå mars til desember, med ein lang sommarferie rundt juletider til mars. Nokre universitet har likevel tilbod om semester frå juli til desember, og februar/mars til sommaren. Undervisninga går i all hovudsak på spansk, men det er eit breitt tilbod av språkkurs ein kan ta på førehand for å friske opp spanskkunnskapane. Om kurset fyller krava til Statens Lånekasse kan du få språkstøtte. Sjølv om det er fleire av dei norske utdanningsinstitusjonane som tilbyr utveksling til Argentina, er det også mogleg å reise på eigahand.

Ambassaden sin eigen studentguide

Etter å ha notert seg ei stadig aukande interesse for Argentina blant norske studentar, har den norske ambassaden i Buenos Aires laga ein guide som skal gjere det lettare for dei som ynskjer å komme til Argentina for å studere. I tillegg til generell informasjon om Argentina som studiestad, gir studentguiden også gode tips om korleis ein kan gå fram for å finne studiar, kvar ein får visum og kva ein må gjere for å få studiane godkjente i Noreg. Studentguiden tek også føre seg andre nyttige tema som tryggleik, kostnad og finansiering, og informasjon om språkkurs.Studentguiden blei lansert med ei samling i ambassaderesidensen 7. mars 2012.
Studentguiden er under oppdatering og vil bli publisert på nytt i løpet av 2017.

Trykk her for å lese studentguiden. 


Kilde:   |   Bookmark and Share